Born to Run Singel av Emmylou Harris frå albumet Cimarron | ||
B-side |
Colors of Your Heart | |
---|---|---|
Utgjeve | 29. mai 1982 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 3:48 | |
Selskap | Warner Bros. Nashville | |
Låtskrivar(ar) | Paul Kennerley | |
Produsent | Brian Ahern | |
Emmylou Harris-kronologi | ||
«Tennessee Rose» (1982) |
Born to Run | «(Lost His Love) On Our Last Date» (1982)
|
«Born to Run» er ein song skriven av Paul Kennerley, spelt inn av den USA-amerikanske countryartisten Emmylou Harris. Songen kom ut i mai 1982 som den tredje singelen frå albumet Cimarron frå 1982.
Songen har henta melodien frå «The Death of Me», ein song frå The Legend of Jesse James, eit konseptalbum skriven av Kennerly. Denne versjonen vart framført av Johnny Cash og Levon Helm.[1]
Songen nådde tredjeplassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista.[2] Songen vart spelt av countryartisten Lee Ann Womack i 2016 på The Life & Songs Of Emmylou Harris: An All-Star Concert Celebration (Live). Han vart sidan spelt av den irske skodespelarinna Jessie Buckley i 2019 for dramafilmen Wild Rose.